Fellesgudstjeneste med Eivind Arnevåg frå Oase søndag 23.februar klokka 17.00.
Fellesgudsteneste i Bø kyrkje, søndag 23. februar kl. 17.00
Fastelavnssøndag 23. februar kl. 17.00. Fellesgudsteneste i Bø kyrkje med Bø Pinsemenighet, Bø Normisjon og Bø kyrkjelyd.
Nattverd og forbøn.
Dagleg leiar i Oase, Eivind Arnevåg, talar over 1. Kor 13.
Takkoffer: Oase
Lovsongsgruppe
Sokneprest Axel Bugge, kantor Bruno Hageman med fleire deltek.
Kveldsmat i kyrkja etter gudstenesta.
Ope medarbeidarsamling, søndag 23. februar kl. 15.00
"Bøn som endrar"
Stad: Bø bedehus ; Gymnasbakken 55
Kaffe/ kake
For alle som har ulike oppgåver og tenester i kyrkjelyden/menigheten.
Dagleg leiar i Oase, Eivind Arnevåg, vil dele sine erfaringar med å starte "Bønehus" i Søndre Skøyen kapell i Oslo hausten 2018. Stadig fleire bøneinitiativ skjer i landet vårt og Oase ønskjer å vere med å inspirere og etablere ulike "Bønehus" over heile landet.
Eivind vil dele kva dette har betydd personleg for han sjølv og for mange som no kjem til Bønehuset på måndagar i Oslo.
Roy Godwins bøker "Strømmer av nåde" og "Velsignelsens vei" har vore ein stor inspirasjon for dette Bønehuset og for mange andre i Noreg.
Eivind har hjarte for leiarar, prestar og pastorar og medarbeidarar i Guds rike og viktigheita av å ta vare på seg sjølv fyrst, før ein skal ta vare på mange andre. Han er ikkje prest sjølv, men har leia ei gruppe prestar i Oase Preste- og Leiarnettverk i 23 år. I fjor starta han ei ny gruppe med unge prestar som kjem saman for å dele liv, tro og teneste.