Givarteneste

GIVARTENESTE I BØ KYRKJELYD

Bø sokneråd har vedteke at givartenesta i Bø skal gå til to føremål, og at dei som gir sjølv kan bestemme kva dei ynskjer å gi til.

Trusopplæringa i kyrkja

Tilboda for barn og unge i kyrkja i Bø er aukande. Det er stor satsing på kor for alle frå 0 – 100 år, vi har faste samlingar for femteklassingar på Give me five kvar veke gjennom skuleåret, søndagsskulen har samlingar på mange av gudstenestene, , det blir arrangert jubeldøgn, 24-festival, filmfestival, pilegrimsvandring og familiesamling på Jønnbu. Vi har dei tradisjonelle samlingane i kyrkja med utdeling av fireårsbok, karnevalsgudsteneste og utdeling av bok til alle 6-åringar. Nytt er også Luciaforestilling i kyrkja.

Konfirmasjonstida i kyrkjelyden er utvikla vidare med Ønsket og Elsket, ei heil vekes leir saman med konfirmantar frå heile prostiet. Etter konfirmasjonstida kan ungdommane vere med på ungdomsleiarkurset i regi av Ønsket og elsket. Dette er eit nytt og viktig bidrag for dei eldste ungdommane, som saman med ungdomssatsinga Z i Bø gir eit heilskapleg tilbod for alle ungdommar.

Som ein del av satsinga på trusopplæringa i kyrkjelyden vår har vi fått på plass ein flott minibuss som brukast til transport av barn og unge og skapar fleksibilitet i arbeidet.

Alle tilbod handlar om å skape trygge rom for barn og unge og gi dei meiningsfulle opplevingar. Eit bidrag til givartenesta vil hjelpe oss med å sikre eit kontinuerleg og godt tilbod.

Ombygging av kapellet på Bøhaugen

I løpet av 2019 håpar vi å få ferdigstilt ny garasje og nytt kyrkjekontor på Bøhaugen. Da blir mykje av kapellet fristilt, slik at vi kan bygge om dette huset til å romme meir aktivitet i tilknyting til kyrkja. Målet er å få på plass gode lokale til søndagsskulen, kyrkjekaffi, konfirmantarbeid, møte med meir. Kyrkja og kapellet kan da fungere som ein heilskap som legg betre til rette for kyrkjelydsarbeidet.

Vi har allereie ein stor del av finansieringa til dette på plass, men vi har behov for eit betydeleg bidrag frå givartenesta det nærmaste året for å få dette fullfinansiert. Vi håpar at mange ser nytten av dette og vil vere med på å bidra til gode lokale til kyrkjelyden.

HER KAN DU SETTE OPP AVTALE OM GIVARTENESTE