Pilegrimsvandring 29. mai


2. pinsedag, 29. mai kan du bli med på vårens vakraste eventyr. Da er det pilegirmsvandring frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje.

Pilegrimsvandring 2023 
Det er igjen klart for Pilegrimsvandring frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje. Vandrarar kan som tidlegare år ta del i messe i Nes kyrkje, før dei legg i veg mot Bø. Ruta er den same som tidlegare år, og er godt merka heile vegen. Vegar og stier fører pilegrimane gjennom eplehagar og skogstykke, forbi fleire åpne serveringsstader på vegen. Evju Bygdetun, Hørte Dampfarveri, Bø Museum og Bø gamle prestegard har alle tilbod om mat og drikke til alle dei som kjem innom. Nytt av året er heilt nye pilegrimsmerke som du berre finn til sals på prestegarden i Bø. Det er også høve til å kjøre til Bø, parkere ved kyrkjene, og ta buss til Nes kyrkje for å starte vandringa. Om du kjem tilbake til Bø innan klokka 17 kan du få med deg messe der også. Eit stort tal frivillige er klare til å gjere pilegrimsvandringa 2023 best mogleg. Om du ikkje har gått heile vegen før kan det no vere tida for å prøve seg! Vi oppmodar til å bruke den godt merka pilegrimsruta til å sjå det flotte kulturlandskapet kommunen kan by på, og det er stor sjans for at det kan bli ein riktig triveleg og fin tur. Sjå "Pilegrimsvandring Sauherad - Bø" på Facebook, der det leggast ut nytt både før og etter vandringa måndag 29. mai. 

PROGRAM

PILEGRIMSRUTA 2023

KART 1 NES KRK. - GVARV

KART 2 GVARV - EVJU BYGDETUN

KART 3 EVJU BYGDETUN - GÅRAHAUG

KART 4 GÅRAHAUG - BØ GAMLE KYRKJE

 

Tilbake