Bø sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Sjelesorg


Før eller seinare kjem dei fleste menneske i ein situasjon der det er godt å kunna snakka med eit anna menneske om noko som er vanskeleg.

Når det ikkje kjennest naturleg å snakka med nokon av dei næraste ein har rundt seg, kan det å snakka med ein prest eller diakon vera eit alternativ.

Prestane og diakonen har spesialutdanning innan sjelesorg. Dei er vane med å lytta til menneske og har teieplikt. Det er ikkje slik at dei sit med alle svara, men mange har opplevd at berre ved å setja ord på problemet, så blir det lettare å finna vegen vidare.

Sjelesorg er ikkje terapi og prestane er ikkje terapeutar. Men dersom det viser seg at nokon treng anna samtaletilbod enn sjelesorg, så kan ein få råd om anna tilbod.

Den som ynskjer ei samtale med prest eller diakon kan ringja til kyrkjekontoret og gjera ei avtale, eller ta direkte kontakt:

Axel J. Bugge (prest), tlf 454 77 020, e-post: AB242@kyrkja.no

Per Inge Bergem Håland (prest), tlf 917 89 097, e-post: PH234@kyrkja.no

Åsne Gotehus Køhn (diakon), tlf 977 47 499, e-post: AK429@kyrkja.no

Samtale med kostar ikkje noko.

Tilbake