Bø sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Smittevern i kyrkja


Nye smittevernreglar også for kyrkja frå 14.januar

14.januar kom det nye nasjonale smittevernreglar. Desse får konsekvensar også for kyrkja sine arrangement. Hovudsakeleg gjeld dette krav om at det skal vere ein meter mellom deltakarane inne i kyrkja og dei nasjonale reglane har satt maksimalt tal på deltakarar på 200. For Bø kyrkje vil det normalt vere plass til maksimalt 100. Dersom det blir nødvendig kan vi auke til 160, men da må alle bruke munnbind.

Vi har nå merka plassar i benkane med nummer, og du vil få ein nummerlapp når du kjem som viser kor du skal sitte. Det er viktig at alle fylgjer dette. Dersom du kjem med dei du bur saman med kan de sette dykk saman med mindre enn ein meter.

Det er også krav om registrering av deltakarar, og for å sikre god flyt ved registrering har vi lagt opp til påmelding på nettsidene våre eller ringe oss på kyrkjekontoret på telefon 35061040. Det er fint om flest mogleg melder seg på på førehand. Da er ein også sikra plass. Hugs å møte i god tid.

Vi oppmodar alle om å bruke munnbind ved ankomst og avreise samt ved bevegelse i kyrkjeromet. 

Vi ynskjer velkommen til kyrkja, og vil legge til rette for ei trygg oppleving.

Tilbake