Give me five


Alle femteklassingar inviterast til Give me five fredagar etter skulen.

 

KJÆRE FEMTEKLASSING

Velkommen til å bli med på Give me five.

Give me five er eitt trusopplæringstilbod i Bø kyrkjelyd, der vi inviterer alle 5.-klassingar til å bli med.

Give me five samlast på Bø bedehus fredagar etter skuletid fram til kl. 16.00.
Vi startar opp fredag 16. september,
og har åpent 10 fredagar før jul, og 12 etter jul.
I tillegg deltek vi på ei gudsteneste på hausten og ei på våren. Datoane hausten 2022 er 16.09, 23.09, 30.09, 07.10, 21.10, 28.10, 04.11, 11.11, 18.11. og 25.11. Vi deltek også på gudstenesten 30.10. 

På Give me five startar vi alltid med eit måltid mat. Etter det har vi ei lita samling der vi snakkar om ulike tema, eller hører ei forteljing frå Bibelen. I tillegg vil vi ha ulike aktivitetar som bordtennis, airhockey, spel, forming, konkuranser og andre ting som vil variere frå gong til gong. Av og til drar vi på tur eller til kyrkja. De vil få informasjon på forhånd når vi ikkje skal være på bedehuset.

Dersom 10-åringen har spesielle behov, må de ta kontakt, slik at vi kan løyse det på best mogleg måte. Det er viktig at vi får beskjed slik at vi kan tilrettelegge. Dette gjeld både fysiske og sosiale forhold, samt ved allergi -og matintoleranse.

Denne invitasjonen går ut til alle 10-åringar som er medlemmer i Den norske kyrkja, men tilbodet er opent for dei som ikkje er medlemmer også. Dersom de veit om
5.-klassingar som ikkje har fått invitasjon, kan dei ta kontakt med oss på kyrkjekontoret, eller dei kan melde seg på. Denne invitasjonen ligg også på nettsida vår, bokyrkje.no.

Eigenandel er kr. 250 i semesteret (tilsendt faktura seinare)
Det kostar ingen ting å komme nokre gonger og sjå om du vil fortsette.

PÅMELDING HER

Spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret på 35 06 10 40 eller til
Signe Vreim Østtveit på 97182146.

Helsing kyrkja i Bø

Tilbake