Kyrkjelydstur til Jønnbu


Bli med på kyrkjelydstur til Jønnbu 30.august til 1.september!

 

Vi har no gleda av å innby deg/ dykk til kyrkjelydstur på Jønnbu 30.august – 1.september 2019. Å reise på tur saman er ein fin måte å styrke fellesskapet på. Vi legg opp til aktivitetar og samlingar for både liten og stor. Dette blir stor stas! Påmelding innan 28.august. Lenke nederst!

Program
Fredag:
16.30 – 17.30              Innkvartering
17.30                            Middag (taco)
18.30 – 19.30              Fellessamling med song og leik
20.00                            Kveldsmat
21.00                            Kveldssamling. Anne-Lene Refsum innleiar med tema «For det er i han vi lever, beveger oss og er til».

Laurdag:
08.00 – 09.30              Frukost og nistesmøring
10.00                            Fellessamling
11.00                            Ut på tur/ aktivitetar
16.00                          Middag (kylling og ris)
18.00                            Kvifor feirar vi eigentleg gudsteneste? Hellek Sannes innleiar. Eige opplegg for barna.
Z-ungdom har samling på Jønnbu. Se egen info!
20.00                            Kveldsmat
22.00                            Kveldssamling for vaksne. Anne-Lene Refsum intervjuar Tom Roger Mittag om hans veg til Jesus.
23.00                            Ro

Sundag:
08.00 – 09.30              Frukost
09.30 – 11.00              Rydding og gudstenesteførebuing
11.00                            Familiegudsteneste
14.00 – 15.00              Opprydding og avreise

Vi tar atterhald om endringar i programmet

Prisar:
Pris overnatting og mat fredag til søndag
Born under 2 år  gratis
Born 2 – 13 år             100 kroner
Vaksen over 13 år       400 kroner
Maks pris for ein familie er 1000 kroner.

Pris per dag utan overnatting:
Born under 2 år gratis
Born 2 – 13 år             50 kroner
Vaksen over 13 år       150 kroner
Maks pris for ein familie er 400 kroner

Inkludert i prisen ligg utgifter til mat (frukost,  middag og kveldsmat) og leige av Jønnbu. Vi har lagt opp til at dei som ikkje overnattar er med på å betale litt for leige da alle brukar leirstaden. Vi håpar at dei fleste vil overnatte.

Nyttig info:

  • Ta med laken, putetrekk og sovepose (det er nokre dyner for dei som ynskjer det)
  • Ta med hodelykt/ lommelykt til uteaktivitet på kveldstid
  • Ta med litt pengar til kollekt
  • Det er kiosk for dei som vil kjøpe litt godt
  • Ta med termos

PÅMELDING TIL KYRKJELYDSTUR

Tilbake