Søndagsskulen

Program 

Søndagsskulen

Det er søndagsskule i Tomaskapellet stort sett kvar søndag når det ikkje er familiegudsteneste. Tilbodet er for alle barn, men opplegget er mest lagt opp for dei yngste barna. Det blir lystenning, historiar frå Bibelen, bøn, songar , lykkehjul og diverse hobbyaktivitetar.

Bibelkorn

Nokre søndagar er det eige opplegg for dei som går i 1.-3. klasse. Denne gruppa samlast i prestesakristiet, mens dei mindre barna går til kapellet. Det ryktast at det alltid blir servert popcorn her, men det kan ein jo ikkje vita heilt sikkert før ein har vore der nokre gonger....

Bibelgjengen

Bibelgjengen er for deg som er mellom 9 og 12 år. På samlingane skal me snakka om tru, lese i Bibelen, hygge oss, ha misjonbingo og milkshake.. Me møtest til gudsteneste, og når dei yngste går til si samling, går me bak til prestesakristiet. Dersom du heller vil koma direkte til sakristiet, finn du ei dør i enden på kyrkja.

I programomtalen for kvar enkelt gudsteneste her på nettsida og i lysinga i Bø blad finn du ut kva søndagar det er søndagsskule, Bibelkorn eller Bibelgjengen.